tirsdag 2. mars 2010

Typisk Norsk

Noreg har ein flott natur og eit bra naturlandskap. Nordmenn er glade i å gå i naturen og i skog og mark. Flotte fjell og fjordar er nokså vanlege i Noreg i forhold til andre land. Vi nordmenn er også sjølvgode og brukar ofte ironi. Å feire 17. mai og når kongen vinkar frå slottsbalkongen. Dette er ting som er typisk norsk no til dags.
Typisk England er at dei drikk mye te. Det som er mest typisk for Frankrike er vinen. England og Frankrike er meir tradisjonelle og meir oppteke av tradisjonar og slikt enn det Noreg er. Dersom nokre frå utlandet tenkjer på landet Noreg, er nok eit av dei første tinga dei kjem på naturen og landskapet.
Ein typisk ting for Sverige er snus. Det er mange som snuser i Sverige i forhold til andre land.

Alle landa har også forskjellige mattradisjonar. Det som kjenneteiknar Noreg mest innan mat er fisk (for det meste torsken), brunost og fårikål.
I England er ”fish and chips” og drikke te.
Frankrike er mest kjent for å ete snigler og drikke vin. Dei mattradisjonane Sverige er kjende for er dei svenske kjøttbollane sine.
Dette er mattradisjonar eg meiner dei forskjellige landa er mest kjende for.

1 kommentar:

Arne Reidar Hæåk sa...

Nynorsken er svært god. Du er inne om mange ulike tradisjonar. Teksten har litt preg av oppramsing