mandag 12. oktober 2009

Kva betydning har tekstar frå middelalderen for oss i dag?

For det første så gir dei oss innsikt i korleis dei skreiv og kva som var viktig for folk på den tida. Det vil si at forteljingane er viktige for å kunne forstå og lære korleis samfunna var før. Ein kan sjå at det var ulike litteraturstilar på den tida også. Dei brukte også rim og rymte slik at forteljingane blei lettare å hugse. Før blei ofte tekstane overført ved at forteljingane gjekk munnleg frå person til person. Vi burde ta vare på gamle tekstar, fordi da kan vi lære mykje om historia og språkutviklinga. På forteljingane før kan vi sjå at språket er norrønt, som er ganske likt islandsk. Det betyr at gammalt norsk eigentleg er islandsk.

I middelalderen handla tekstar som eddadikt ofte om gudar og heilter. Det virke som om dei var ganske opptekne av gudar og heilter i middelalderen. Dei hadde ikkje same religion på den tida. Dei hadde gudar som Tor med hammaren, Frøya og Odin. I dag så har vi 5 forskjellige verdsreligionar.

I utdraget frå Egilssoga som eg har lest blir vi kjende med ein gut som heiter Egil. Han var veldig sterk og hadde eit stort temperamang. I utdraget står det at dei hadde ein slags ball leik, og dette er kanskje utspreiinga til det vi kallar fotball eller handball. Det står også at Egil tek ei øks og slår ein annan gut i hjernen med øksa. Dette hadde vore brutalt no til dags, men det virke ikkje som om det er så veldig brutalt i den tida.
Teksten er sat opp som ein sagastil. Vi kan lære mye om litteraturenshistorie og litteraturutviklinga i slike tekstar. Eg meiner at slike tekstar har ein viktig verdi for oss i dag, fordi dei lærer oss om korleis samfunnet og litteraturen var før.

Det var kjekt å jobbe med wikien. Eg synest alltid at det er kjekt med litt variasjon. Det var litt vanskeleg å komme i gong med wikien, men vi forsto meir og meir, og da blei det betre. Alle kunne vere innpå wikien samtidig, og det var positivt. Eg synest også at vi fekk eit bra resultat til slutt.

1 kommentar:

Arne Reidar Hæåk sa...

Du gir ei grei vurdering av arbeidet med wikien. Det er òg bra at du trekkjer fram eit konkret tekstudrag som du kommenterer.